Spermageddon

Om filmen

Originaltittel: Spermageddon

Premiere: 2025-02-28

Varighet: 1t 19min

Sjanger: Komedie, Animasjon

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Norsk

Regissør: Rasmus A. Sivertsen, Tommy Wirkola

«Spermageddon» handlar om sædcellene Simen (Aksel Hennie) og Cumilla (Mathilde Storm), som lever i pungen til den nerdete «Star Wars»-entusiasten Jens (Christian Mikkelsen). Utsiktene til å kome seg ut av pungen for å befrukte egget blir brått betrakteleg betre når Jens møter Lisa (Nasrin Khusrawi) på fest. Men i vår tid er det ikkje berre-berre å vere sperm. Sæddrepande krem og andre prevensjonsmiddel er berre nokre av farane som trugar. Spermageddon er ein spinnvill film frå Tommy Wirkola (Død snø, Violent Night, Kill Buljo) og animasjonsmeisteren i Qvisten Animation, Rasmus Sivertsen (Folk og Røvere i Kardemomme by, Hakkebakkeskogen, Helt Super) – i same ånd som Sausage Party, Terkel i knipe og Rutete Ninja. Filmen vart spådd «garantert kultstatus» av The Hollywood Reporter etter verdspremieren på den prestisjefylte animasjonsfestivalen i Annecy.