26. september 2019:
Tilbygget på Ål kulturhus blir meir og meir ferdig for kvar dag som går. No er panel og glasveggar stort sett klare, og den fantastiske verandaen utanfor biblioteket er under arbeid. Inne er det full jobbing i kontorfløyen, m.m., og det kjem stadig fleire møblar og inventar på plass. Arbeidet er i rute.
Juni 2019:
Dronefoto: John Storhaug
13. mai 2019:
Byggevegg inne i øvre foajé er tatt ned, og me kan endeleg få eit glimt av korleis det nye biblioteket vil sjå ut.
30. november 2018:
Taket på tilbygget på Ål kulturhus har endeleg kome på plass, og Sprang - landsdelsscene for dans - byrjar å vise si form. Totalt fri høgde 8 meter, danseflate 10 x10 meter når amfi er utslått.
Oktober 2018:
Grunn- og betongarbeidet for tilbygget på kulturhuset er ferdig og stålbjelkane som får fram formen på bygget er under oppføring. Målet er at huset skal være under tak i løpet av november 2018.
Ferdigstilling av nye Ål kulturhus er november 2019.