Frå 2021 har Sprang vorte ein del av residensnettverket i Viken, Dans Sørøst-Norge, i samarbeid med Bærum kulturhus og Nagelhus Schia Productions.
I tillegg husar me residensar og produksjonar for både lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar og utøvarar, ma i samarbeid med Riksscenen.
Sudesh Adhana i SPRANG mars/april 2021: Hallingdølen, 6. april 2021
UTLYSING 2021/2022
Sprang lyser ut residens for dansekunstnarar som arbeider innanfor eit eller fleire av Sprang sine hovudmålområder:
- Verkstad for dans i grenseland mellom tradisjon, samtid og framtid
- Ivaretaking og vidareutvikling av folkedans og folkemusikk
- Regionale, nasjonale og internasjonale samarbeid
- Publikumsutvikling
Prosjektet det søkast om kan vera i ulike fasar, alt frå idé/konsept til ferdigstilling eller gjenopptaking.
Me kan tilby:
- Tilgang til studio, scenerom med lyd- og lysrigg, og tilhøyrande fasilitetar, i opptil to veker innanfor desse tidsromma:
-
- 2.-8. september ‘21
- 13.-24. September ‘21
- 29. november - 3. desember ‘21
- 3.-31. januar ‘22
- Bistand til teknisk rigg.
- Administrativ og/eller kunstnarleg bistand.
- Dekking av utgifter til reise og diett (inntil 25 000,- totalt)
- Bustad
- Eit kunstnarmøte mellom lokal tradisjonsberar og dansekunstnarar på residens (me kan organisere eit møte med ein lokal tradisjonsberar innan ein sjanger/tema som de ynskjer, det kan vera innan musikk, folkedans, visuell kunst, poesi eller anna)
Me ynskjer:
- Ein verkstad med dei lokale dansetalenta, og/eller
- Ei offentleg prøvevisning og kunstnarleg samtale med publikum
- Ved co-produksjon: visning av ferdigstilt produksjon på Sprang
- Kreditering til Sprang ved all vidare bruk av materialet
Dansekunstnarar i residens får nytte seg av Sprang sine produksjonslokale på dagtid, og evt ettermiddagar, kveldar og i helger etter avtale. Residentane får også tilgang til å nytte seg av Sprang sitt tekniske utstyr, og administrasjonen kan booke teknisk personale til rigg, design og teknisk avvikling.
Sprang er ei høgmoderne dansescene som kan romme inntil 180 publikummarar i utrekkbart amfi. Golvet er spesiallaga for dans, og er det same som er nytta på Riksscenen i Oslo. Sceneareal på 11 x 10 m, med amfiet fullt uttrekt. Totalt golvareal på 167 m2 .
I tillegg til lysrigg og ordinær PA har rommet elektronisk klanganlegg. Klanganlegget i Sprang legg til rette for akustisk framføring av folkemusikk, og gjer det mogleg med konsertar og danseframsyningar som er heilt unike; rein akustisk framføring på t.d. fele, hardingfele, kveding, langeleik og munnharpe m.m.
I tillegg til scenerommet kan kunstnarar i residens nytte seg av 120 m2 spegelsal vegg i vegg med same type golv, med eller utan dansematter, og barrar. I tilknyting til scenerommet og dansesalen er det også pauserom, kjøkken og garderobar med toalett og dusj.
Søknad skal innehalde:
- Prosjektskildring (maks. éi A4-side)
- Prosjektet si form (produksjon, forprosjekt, koreografiutvikling e.l.)
- Kort bio for hovedaktørar + evt presseomtale, linkar til tidlegare produksjonar og visuelt materiale
- Finansieringsplan
- Spesifisering av ynskt tidsrom for residensen
- Evt ynskje om teknisk personale
Søknad sendast til prosjektleiar Sprang Rannveig Øygardslia: rannveig.oygardslia@aal.kommune.no
Residensordninga er støtta av Næringsfondet i Ål Kommune og Viken Fylkeskommune