SPRANG, landsdelsscene for dans

Velkomen til Sprang på Ål kulturhus, og velkomen til Hallingdal! 

Eit stort SPRANG inn i framtida og eit spenstig SPRANG innan dans.

På starten av 2020 var vår nye dansescene ferdig bygd, og saman med den to heilt nye dansesalar. Ål har fått mandat frå kommune, fylke og stat til å skape ei produksjons- og visningsscene kvar me skal fremme dans generelt, og folkedans spesielt.

Sprang husar både nasjonale og internasjonale danseproduksjonar, og er en stolt fanebærar for tradisjonar innan folkedans og folkemusikk. Samstundes gjer det nye sceneområdet rom til om lag 200 danseglade kulturskulebarn som no får høve til å lære å danse saman med profesjonelle aktørar.

Sprang er ei høymoderne dansescene som rommar inntil 180 publikummarar i utrekkbart amfi. Golvet er spesiallaga for dans, og er det same som er nytta på Riksscenen i Oslo. I tillegg til ordinær PA har rommet elektronisk klanganlegg. Klanganlegget i Sprang legg til rette for akustisk framføring av folkemusikk, og gjer det mogleg med konsertar og danseforestillingar som er heilt unike; rein akustisk framføring på t.d. fele, hardingfele, kveding, langeleik og munnharpe m.m. I tillegg inneheldt bygget to dansesalar til oppvarming og øving. Utover dette består Landsdelsscenen av pauserom og garderobar for utøvarane, toalett og lagerareal. 

Sprang sine bruksområder:
  • Produksjon av dans
  • Framsyning av danseforestillingar
  • Konsertar
  • Øving
  • Seminarer/kurs
Tilleggsareal Sprang:
  • Dansesal 120m2
  • Dansesal 70m2
  • Garderobar
  • Pauserom
  • Kontorfasilitetar
  • Lagerrom