Nils Ingar Aadne: Da var det oss

Om arrangementet

I 2015 kom Nils-Ingar Aadne med stand-up showet «EGO». Her tok han for seg sin eigen egoistiske livsstil og fokuset på seg og sitt.

I det nye showet «Da var det oss» handlar det ikkje berre om han sjølv, men om oss alle og samfunnet me lever i. Sidan EGO gjekk Nils-Ingar frå meg til oss, han fekk seg kjærast og sambuar. Så skjedde det utenkjelege. Hausten 2018 døydde kjærasten hans brått og uventa av hjartestans. Igjen står han der åleine, medan verda går vidare. Det må han også.

«Da var det oss» handlar om å få livet i trynet og gå vidare, om kvardagslege småting og kor sinte folk har vorte. Om robotstøvsugarar og pandemi. Den handlar om oss.

Regi: Thomas Giertsen
Produsent: Feelgood&iStage AS

«Publikum hadde bare en ting å gjøre da han takket for seg, det var å takke med stående langvarig applaus.» - Tønsberg Blad