Stein Torleif Bjella m/band

Om arrangementet

Det er berre å glede seg til eit dykk ned i Stein Torleif Bjella sitt låtunivers. Sørgmodig glede og romantisk hjartesorg!

«Norges beste band!», utbasunerte Dagsavisen etter Stein Torleif Bjella sin maktdemonstrasjon på Øya-festivalen i fjor.
Som liveartist har han plassert seg på øverste hylle, med eit band beståande av landets beste instrumentalistar.

Ein av dei aller største visekunstnarane våre leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne som få, om nokon, er i nærleiken av her til lands.
Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009. To år seinare innkasserte oppfølgjaren «Vonde Visu» Spellemannprisen, Prøysenprisen og Bendiksenprisen.
«Heim for å døy» avslutta trilogien i 2013, med fyrsteplass på VG-lista. For dette albumet mottok han Edvardprisen.

I 2016 kom «Gode Liv», Bjella sitt fjerde soloalbum. Same år vart teaterstykket «Kan nokon gripe inn», basert på Stein Torleif sine tekster, sett av 33.000 på det Norske Teateret og mange, mange fleire rundt i landet då Riksteatret tok stykket på turné. Hausten 2017 gav Bjella ut diktboka "Jordsjukantologien nr. 1", og i 2018 kom langspelalbumet «Jordsjukantologien nr. 1 musikken», i sjangeren spokenwords.