Stille natt - Ål-korets julekonsert 2026

Om arrangementet

Stille natt

«Stille natt, Heilage natt, Gud gjev jorda voni att» - Erik Hillestad.

Det nærmar seg jul, og for mange er førjulskonserten ein kjær tradisjon og eit etterlengta pusterom i ei travel tid. Vi treng å markere at mørketida snart er over, og at lysare tider ventar. I ei uroleg verd må vi òg ha håp om og tru på at det ikkje berre er sola som snur.

Ål-koret inviterer til tradisjonell julekonsert!

Det blir folketonar frå mellomalderen, engelske carols og norske julesongar frå vår tid. Så blir det sjølvsagt også meir tradisjonell julemusikk – kjende og kjære julesongar som har følgt oss gjennom generasjonar.

Medverkande:
Ål-koret med solistar frå koret
Audun Flaen, orgel
Dirigent er som alltid vår kjære Arild Rønsen
Vi lovar vakre tonar, ekte julestemning og ei fin stund.

Bilettar kan også kjøpast i døra med Vipps.