Summerland

Om filmen

Originaltittel: Summerland

Premiere: 2020-10-09

Varighet: 1t 39min

Sjanger: Drama, Romantikk

Aldersgrense: 9 år

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Jessica Swale

Forfattaren Alice (Gemma Arterton) er ei sterk og sjølvstendig kvinne under 2. verdskrigen, tilbaketrekt ved dei vakre klippene i det sørlege England. Ho fordjupar seg i arbeidet sitt, og ho er også veldig einsam etter å ha vorte såra av kjærleiken og ei anna kvinne. Når den livlege og unge Frank, ein evakuert gut frå London, blir adoptert inn i verda hennar er ho fast bestemt på å bli kvitt han. Men uskulda, motet og nysgjerrigheita hans vekkjer til live Alice sine gøymde kjensler. Alice lærer seg at sår kan bli lindra, og at alle fortener ein ny sjanse. Ei kvar kvinne har rett til å vite kven ho er og kva ho vil. Frå den sterkaste nye stemma i England, den Olivier-prisvinnande forfattaren og regissøren Jessica Swale, inspirerer ho publikum med eit ærleg og aktuelt tema - ei intensiv og følsam reise om sjølvinnsikt, kjærleik og vennskap. Gemma Arterton (Quantum of Solace, Princess of Persia) Gugu Mbatha-Raw (Skjønnheten og Udyret) og Tom Courtenay (Doctor Zhivago, 45 Years) har hovudrollene i denne rørande historia om kor uthaldande kjærleiken kan vere i utfordrande tider.