SUNDREBALL 2023

Om arrangementet

Når det tek til å bli seigt å halde ut med nyttårsforsetta og medan festival-Norge elles ligg i vinterdvale, så har kulturbygda Ål i Hallingdal etablert ein tradisjon for å starte det nye musikkåret med festival siste helga i januar: SundreBall.

Årets Sundreball-artistar er:
 

Torsdag:
Michelle Ullestad, Heigh Chief og Brenn.
Fredag: Tradisjonell Gjeldokk Brothers-quiz + Gammalgrass, Heigh Chief, STAUT og Ida Maria.
Laurdag: Mini-Sundreball: Elevar frå Ål kulturskule, konsert med Yellowroots (gratis inngang for alle under 18 år).
Laurdag kveld: Festivalvors + Tonje Halbjørhus, TORA, Jaa9 & OnklP, Yellowroots.


Kjøp deg pass no! 
Dei mellom 13-21 år kan kjøpe Bizzy-pass til berre kr 65,- torsdag 26. januar (fri aldersgrense).
Ordinær ungdomspris er kr 245 eks mva/ordinær vaksen kr 490,- eks avgift. 

Kveldspass fredag og laurdag kostar kr 690,- eks avgift. 18 års aldersgrense. 

Dagspass laurdag er gratis for alle opp til 18 år. Vaksne over 18 år: 150,- kr eks avgift. 

Festivalpass gir inngang alle dagar - kun kr 1490,- eks avgift (aldersgrense 18 år).


Sjå meir her: www.sundreball.no og Facebook 


Foto: Knut Utler