SundreBall 2025

Om arrangementet

SundreBall 2025
23. - 25. januar

Store konsertopplevingar i eit intimt format - velkomen til musikkfestivalen SundreBall!

Sidan 2014 har SundreBall varma vinterfrosne ålingar og tilreisande frå heile landet med konsertar, fest og upåklageleg stemning den siste helga i januar. Madrugada, Valentourettes, Oslo Ess, Black Debbath, Malin Pettersen og Jarle Bernhoft er berre nokre av artistane som har stått på den intime scena i det vesle, trivelege grendehuset Sundrehall i hjartet av Ål sentrum. Kven inntek scena i 2025?
I 2024 vart festivalen utselt til tross for "svart plakat" og berre hemmelege artistar. Tør du ta sjansen på å vente til me slepper årets artistar, før du kjøper billett...? 

Vel møtt til ball på Sundrehall!

For bilete og festivalprogram frå tidlegare år, sjå: sundreball.no 


Foto: Sundreball/ G. Øymo Mælen/ A. Kaslegard