Superhunden Charlie

Om filmen

Originaltittel: Charlie the Wonderdog

Premiere: 2026-07-17

Varighet: 1t 35min

Sjanger: Barnefilm, Animasjon

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Norsk

Truls Svendsen er Superhunden Charlie!

Den sjenerte guten Danny får livet snudd på hovudet når hunden hans, Charlie, utviklar superkrefter og blir til den største superhelten verda nokon gong har sett! Danny lever i si eiga fantasiverd, der han og hunden Charlie er superheltar. Når Charlie brått blir bortført av romvesen, kjem han tilbake med ekte superkrefter – som den spektakulære Superhunden Charlie! Medan Charlie blir ein global sensasjon, saknar Danny bestevenen sin meir og meir. Populariteten dreg Charlie bort frå han, omgjeven av presse, fans og maktpersonar som vil utnytte han. Samtidig veks misunninga hjå nabokatten Puddy, som sjølv har formidable krefter. Saman med kattegjengen sin legg han ein plan for å styrte Superhunden Charlie og ta kontroll over verda. Når Charlie fell i unåde og mistar alt, må Danny og den firbeinte helten hans finne attende til det som verkeleg betyr noko – og stogge dei skumle ambisjonane til Puddy før det er for seint. Truls Svendsen gjev stemme til Charlie i denne morosame, varme og actionfylte animasjonsfilmen for heile familien.