Teater Manu: Peter Pan – Under ein magisk måne

Om arrangementet

Det er ein stjerneklar sommarkveld. Wendy og dei to brørne hennar, John og Michael, skal sove ute. Men det er ikkje lett å sovne under ein magisk måne. Så storesyster Wendy fortel historia om Peter Pan, som bur saman med dei bortkomne gutane i Aldriland.
– Aldriland, det er andre stjerne til høgre og så rett fram til soloppgangen.
Dermed startar reisa til ei magisk verd der tida står stille og fantasien får vingar. På byens tak er alt mogleg. Det er berre å lukke augo og fly saman til eit fantasiland fullt av havfruer, sjørøvarar og piratar, bortkomne gutar og ei ikkje så veldig snill Tingeling.

Kjem havfruene til å greie å lokke barna ut i den blå lagunen? Kjem piratane til å greie å fange Peter Pan? Eller kjem den grøne klokkodilla til å greie å ete opp Kaptein Krok? Kjem Peter Pan til å bli vaksen? Og kjem Wendy, John og Michael til å finne vegen heim att?

I verda til teatret, der alt er ein leik, men også litt alvorleg, kan alt skje.

Kom som du er, eller kle deg ut som Peter Pan, Tingeling, Kaptein Krok eller ein annan du har lyst til å vere.
Me gler oss til å få besøk av deg.

– Kom, bli med til Aldriland. Fantastiske ting kan skje under ein magisk måne.

Av Mike Kenny
Regi: Janne Langaas
Med: Johanna Asprusten, Nikolai S. Wisny, André Bjørn Røine Rugseth
Stemmeskodespelar: Marit Synnøve Berg
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesignar: Agnethe Tellefsen
Lyddesignar: Peter Baden
Språkdramaturg: Sølvi R. Zuckermann


Speletid: ca 1 time
Språk: Norsk teiknspråk og tale