Teater Manu: Lysistrata

Om arrangementet

Av Aristofanes.
Bearbeiding og regi: Philipp Stengele.

Lysistrata er ein komedie frå det gamle Hellas, skrive av Aristofanes i 411 f.Kr.
Handlinga finn stad i Athen, der kvinnene er lei av at mennene deira er meir opptekne av å krige enn å forhandle om fred. Så kva gjer dei? Jo, ei snarrådig kvinne, Lysistrata, kjem med ein genial plan. Ho samlar alle kvinnene både frå Athen og Sparta og seier: «Me streikar. Ingen sex før det blir fred!» Brått står mennene overfor ei stor krise – ikkje på slagmarka, men i ektesenga…

Aristofanes syner med eit smil korleis kvinnene faktisk kan ha meir makt enn mennene nokon gong har forestilt seg  – berre ved å si nei!
Historia er fullpakka med humor, overdrivingar og skarp satire, medan ho rettar ein stor, latterleg pekefinger mot krigens absurditet og kjønnsrollene i samfunnet.

Denne moderne versjonen av «Lysistrata» handlar om makta kvinnene har og kampen deira for likestilling i samfunnet. Kvinnene tek saka i eigne hender og nektar mennene sex for å tvinge dei til å vise dei respekt, og til å slutte å krige. Forestillinga utforskar kjønnsroller og maktdynamikkar i samfunnet på ein humoristisk og tankevekkjande måte.
Regissør Philipp Stengele: «Det er en forestilling som ikke bare underholder, men også utfordrer publikum til å tenke over kjønnsroller og makt».

Forestillinga varar i ca 1 time, og er med norsk teiknspråk og tekstplakatar, slik alle kan følgje med.
Dette er ei forestilling med mykje visuell, kunstnerisk og vakker kommunikasjon.

 

Skodespelarar: 
Dawn Jani Birley (Lysistrata), Ronny Patrick Jacobsen, Aino Hakala, Kevin Eide Edvardsen, Yasmin Finskud Hermansen, Isaac Emanuel S. Jacobsen.


Kunstnerisk team:
Philipp Stengele - Bearbeiding og regi
Christine Lohre - Scenograf og kostymedesign
Peter Baden - Lyddesign
Sølvi R. Zuckermann - Språkdramaturg
Agnethe Tellefsen - Lysdesign
Hanna Lara Olafsdottir - Maskeansvarleg