Temakveld m/Brageteatret for føresette i 5.-7. trinn: Tankekjør
Billettar
Om arrangementet
NB! Temakveld for føresette i 5.-7. trinn.
Tankekjør
Av Nelly Winterhalder
Selma har flytta til byen med far sin og gruar seg til å vere «ho nye». Ho tenkjer mykje på korleis ho kan få vener denne gongen. Idet ho møter Maiken og Olve for fyrste gong, tøffar ho seg og blir utfordra i ein leik. Selma sitt tankekjør eskalerer heilt til ho krasjar – og brått kan ho høyre kva alle rundt henne tenkjer.
Det er mykje som blir komisk når ho forstår at alle seier noko anna enn det dei tenkjer. Men kvifor vil Maiken ikkje ha noko med Selma å gjere? Og kor ærleg er eigentleg Selma sjølv når ho er saman med dei andre?
Eit kjapt og leikent skodespel om altfor mange tankar, og ein varm hyllest til det sårbare.
Sagt om forestillinga:
«I forestillingen Tankekjør får vi sitte på gjennom barnas tankebaner i
opp- og nedturer.»
Les anmeldelsen her: https://scenekunst.no/artikler/tankenes-usynlige-sprak
Anna Helene Valberg, Scenekunst.no, 17.01.2024
På scena: Anette Løbach, Bjørg Sofie Eline G. Sætre og Henrik Spantel Valdermo.
Dramatikar: Nelly Winterhalder
Regissør: Nora Evensen
Scenografi og kostyme: Mie Dinesen
Lysdesignar: Gard Gitlestad
Komponist: Eirik Myhr
Foto: Dag Jenssen, Brageteatret / Håkon Wintervold Melbye, Brageteatret