Terminator: Dark Fate

Om filmen

Tittel: Terminator: Dark Fate

Premiere: 2019-11-08

Varighet: 2t 8min

Sjanger: Action

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Tim Miller

Arnold Schwarzenegger og Linda Hamilton er attende i dei ikoniske rollene sine.

Meir enn to tiår har gått sidan Sarah Connor hindra Judgement Day, og med det endra framtida og lagnaden til alle menneska. Dani Ramos (Natalia Reyes) lever eit enkelt liv i Mexico City med bror og far sin då ein svært avansert ny Terminator, ein Rev-9 (Gabriel Luna), reiser attende i tid for å drepe henne. For å overleve er Dani er avhengig av å slutte seg til Grace (Mackenzie Davis), ein forsterka supersoldat frå framtida, og krigsherda Sarah Connor (Linda Hamilton). Rev-9 øydelegg hensynslaust alt og alle i jakta på Dani, og dei tre blir leia til T-800 (Arnold Schwarzenegger) som kanskje blir det aller siste håpet deira.