The Father

Om filmen

Originaltittel: The Father

Premiere: 2021-05-28

Varighet: 1t 37min

Sjanger: Drama, Thriller

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Florian Zeller

"Det er skodespel i 100 av 100-klassen her. Tusen av tusen. Anthony Hopkins i si kanskje beste rolle. Det bør seie deg noko." - Kulturstripa, NRK P2 Anthony er 81 år gamal. Han bur åleine i leilegheita si i London og avviser kvar einaste heimehjelp som dottera Anne ordnar til han. Slik hjelp blir stadig meir nødvendig for henne å få på plass, sidan ho ikkje kan treffe han kvar dag lenger. Ho har nemleg bestemt seg for å flytte til Paris for å bu saman med ein mann ho akkurat har møtt. Men dersom dette stemmer, kven er den framande mannen som brått vandrar inn i stova til Anthony og hevdar å ha vore gift med Anne i over ti år? Og kvifor er han så overbevist om at det er Anthony som befinn seg i ekteparet si leilegheit, og ikkje omvendt? For Anthony kjennes det som han går frå forstanden, eller i alle fall som om nokon prøver å lure han til å tro at han går frå forstanden. Han hugsar så tydeleg at leilegheita er hans eiga. Kan det vere at dei prøver å svindle leilegheita frå han? I "The Father" ser me verda gjennom augo til Anthony. Som jåarar blir me med på hans oppleving av verkelegheita, til tross for at verkelegheita har vorte uoversiktleg og uforutsigbar. Meir enn kanskje nokon film tidlegare lar "The Father" oss sitje att med kjensla av korleis det kan vere å faktisk lide av demens. Samtidig er det historia til Anne, som står framfor det smertefulle dilemmaet rundt kva ho skal gjere med far sin. Skal ho ta han med seg, sjølv om det kan gå ut over hennar eige liv saman med Paul? Har ho rett til å leve sitt eige liv? Kva skjer når ein må opptre som forelder til sin eigen forelder? Det er eit uunngåeleg faktum at i kvart forhold mellom barn og forelder, så kjem det ei tid der det er barnet som blir omsorgsgjevaren. Til tross for eit vanskeleg tema, er "The Father" bygd på ein grunnmur av empati og er også ei feiring av det sterke bandet mellom foreldre og borna deira. Det er også viktig å få fram at "The Father" ikkje er ein slags avhandlingsfilm som handlar om ei medisinsk diagnose og dei som lir av den. "The Father" har greidd å finne ein kunstnerisk måte å framstille både korleis demens kan opplevast og korleis det påverkar dei rundt. Filmen kan til og med vere morosam, til tider er det nesten som ein svart komedie. Dette har filmen fått til ikkje minst ved hjelp av smarte filmatiske grep, men kanskje aller mest gjennom arbeidet til ein av vår tids største skodespelarar, Anthony Hopkins. Det er ingen tilfeldigheit at hovudpersonen har same førnamn som skodespelaren som portretterar han, Anthony. Då Florian Zeller byrja jobben med å konvertere teaterstykket sitt til film, var det berre éin skodespelar som var aktuell. Faktisk er årsaka til at franskmannen Zeller i det heile tatt laga filmen på engelsk at det dermed vart eit håp om å få Hopkins i hovudrolla. Ikkje rart at Anthony Hopkins til slutt vann Oscar for rolla!