The Hunger Games: The Ballad of Songbirds and Snakes

Om filmen

Tittel: The Hunger Games: The Ballad of Songbirds and Snakes

Premiere: 2023-11-17

Varighet: 2t 37min

Sjanger: Action, Eventyr, Sci-Fi

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Original

Regissør: Francis Lawrence

Opplev historia om THE HUNGER GAMES - 64 år før Katniss Everdeen melde seg som frivillig, og fleire tiår før Coriolanus Snow vart den tyranniske presidenten i Panem.

THE HUNGER GAMES: THE BALLAD OF SONGBIRDS & SNAKES følgjer ein ung Coriolanus Snow (Tom Blyth). Han er den ein gong så stolte familien Snow sitt siste håp for å vinne att den tapte æra i etterkrigstidas Capitol. Motvillig får han i oppdrag å vere mentor for Lucy Gray Baird (Rachel Zegler), ein tribute frå det fattige District 12. Etter at utstrålinga og sjarmen til Lucy Gray gjer henne til ein publikumsfavoritt, ser Snow i henne eit høve til å snu begge si ulykke til triumf. Så då heile lagnaden hans står på spel, slår han seg saman med Lucy Gray for verkeleg å snu oddsen i deira favør. Slik startar eit kappløp med tida både for å overleve og å finne ut om han til sjuande og sist er ein sangfugl eller ein slange...