The middle man

Om filmen

Originaltittel: The Middle Man

Premiere: 2021-09-17

Varighet: 1t 31min

Sjanger: Drama, Sort komedie

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Original

Regissør: Bent Hamer

THE MIDDLE MAN er ein mørk humoristisk satire som foregår i den vesle amerikanske småbyen Karmack. Etter ein epidemi av ulykker og dødsfall bestemmer "Kommisjonen" i byen – beståande av lensmannen, legen og pastoren - seg for å tilsetje ein "mellommann". Ein person som har ansvaret for å informere familien og pårørande når ei ulykke inntreff. Frank Farrelli (Pål Sverre Hagen) er ein stille, sindig fyr som viser seg perfekt for jobben. Han tek på seg dei nye arbeidsoppgåvene sine med entusiasme og blir raskt byens sendebod for dårlege nyhende. Men presset frå jobben og eitt spirande nytt romantisk kjennskap overveldar Frank. For å lette byrda, kallar han inn ei ‘teneste’, men det heile endar i eit drap og no sit Frank fast i ein vond spiral der han ikkje berre er den som bringer dårlege nyheiter, men også den som skapar dei. "The Middle Man" er delvis basert på ei bok av Lars Saabye Christensen og regissert av Norges fremste auteur-regissør Bent Hamer. Med seg har han fleire av dei beste norske skodespelarane våre, samt kjente fjes frå både Sverige, Danmark, USA og Canada. Me møter m.a Pål Sverre Hagen, Tuva Novotny, Nicolas Bro, Nina Andresen Borud, Trond Fausa, Aksel Hennie, Paul Gross, Don McKellar og Rossif Sutherland.