The Peanut Butter Falcon

Om filmen

Originaltittel: The Peanut Butter Falcon

Premiere: 2020-06-05

Varighet: 1t 37min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Tyler Nilson

Komediedramaet ‘Peanut Butter Falcon’ er historia om 22-årige Zak, som har downs syndrom, men som samtidig drøymer om å bli ein profesjonell wrestler. Og han vil følgje draumen uansett odds. Då ingen har tru på han vel Zak å rømme heimefrå for å følgje draumen sin. Tilfeldigvis møter han Tyler (Shia LaBeouf), ein småkriminell, bitter og sint fyr på flukt frå politiet. Tyler blir Zak sin usannsynlege trenar og allierte – og den einaste som ser Zak for meir enn handikappet sitt. Saman prøver dei å oppfylle draumane til Zak. ‘Peanut Butter Falcon’ er ei moderne tolkning av historia om Huckleberry Finn, som rømte for å jakte draumen som skodespelar. På rollelista er store namn som Shia LeBeouf, Dakota Johnson og Bruce Dern. Ein hjartevarm film om vennskap og tillit – og om ikkje å undervurdere kapabiliteten eller draumane til andre.