The World To Come

Om filmen

Originaltittel: The World to Come

Premiere: 2021-08-06

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Mona Fastvold

THE WORLD TO COME utspelar seg på midten av 1800-talet, nord i delstaten New York, der Abigail (Katherine Waterston) bur saman med ektemannen Dyer (Casey Affleck). Utad er Abigail ei beherska og roleg dame, men gjennom dagboka hennar får me innblikk i dei innarste tankane og kjenslene ho har. Dei fleste av nedteikningane krinsar rundt nabokona Tallie (Vanessa Kirby), som ho utviklar eit svært intimt og intenst forhold til – eit kjærleiksforhold som det ikkje finst noko rammeverk for å forstå, og langt mindre akseptere, i 1850-åras USA. Regissøren, norske Mona Fastvold, debuterte som regissør med den stemningsfulle SØVNGJENGEREN i 2014, og har sidan den gong samarbeidd tett med ektemannen Brady Corbet på dei kritikarrosa spelefilmane THE CHILDHOOD OF A LEADER og VOX LUX. Med THE WORLD TO COME tek ho steget opp i den internasjonale elitedivisjonen, med m.a. deltaking i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Venezia.