Thomas Dybdahl med band - FÅ LEDIGE BILLETTAR!

Om arrangementet

Thomas Dybdahl er ein av dei beste og mest profilerte musikarane våre. Han har med dei nydelege albuma sine halde stillinga som ein av dei store artistane og låtskrivarane i landet.
Gullstrupen frå Sandnes debuterte som soloartist med «That Great October Sound» og vann ein Spellemannpris. Det påfølgjande albumet hans, inkludert «Stray Dogs» og «Science», har hausta kritikarros og prisar, mellom anna for beste mannlege artist. Fleire av albuma hans har toppa listene, og «What's Left Is Forever» vart også Grammy-nominert.
Førebels siste utgjeving er albumet "Teenage Astronauts" som kom ut i 2024. Det er eit samarbeid med Grammyvinnande produsent Larry Klein (Joni Mitchell, Herbie Hancock m.fl), den legendariske arrangøren Vince Mendoza (Björk, Joni Mitchell m.fl), Stavanger Symfoniorkester og tekstforfattar Edie Kuhnle Ottestad.

I 2025 blir Thomas å sjå på «Hver gang vi møtes» på TV2 i januar og februar, og i mars og april skal han på norgesturne med det eminente bandet sitt:
Veldig glad for å kunne fortelle at jeg i mars og april er klar for Norgesturne sammen med mitt fantastiske band. Vi har masse ny musikk å vise og en haug med gamle sanger som jeg gleder meg til å synge for dere igjen. Vi ses om ikke så lenge, gleder oss!

Me er glade og stolte over å kunne presentere Thomas Dybdahl på Ål kulturhus 26. mars.