Thrane-bevegelsen og bygdeopposisjon i Ål

Om arrangementet

Foredrag ved John W. Johnsen

Gratis inngang (ikkje behov for billett)


I 1849 etablerte Marcus Thrane den fyrste arbeidarforeininga i Christiania, og i løpet av eit par år hadde slike foreiningar fått 30 000 medlemmer over heile Noreg. Dei kjempa for allmenn stemmerett for menn, betre rettar og kår for arbeidarar og husmenn og betre skulegang for småkårsfolk. I Ål vart det i desse åra stifta fleire arbeidarforeiningar, mellom andre Strand, Sando og Opheim, før myndigheitene i 1854 slo hardt ned på thranittane og dømde ei rekkje av dei for ulydigheit og forsøk på å endre statsforfatninga med ulovlege midlar. Kvifor vart Thrane-bevegelsen så sterk i øvre Hallingdal? Og korleis kan ein sjå Thrane-bevegelsen som ei fortsetting av Hans Nielsen Hauge sin bevegelse?


John W. Johnsen (f. 1938) er utdanna lektor med historie hovudfag. Han har tidlegare skrive historia til Arbeiderbevegelsens Rus- og Sosialpolitiske Forbund etter 1980, historia til Ål Kjøpelag etter 1970 og ei rekkje lokalhistoriske artiklar i lokalavisa Hallingdølen. Johnsen har hatt ulike politiske verv i Arbeidarpartiet og sat m.a. i kommunestyret og formannskapet i Ål (1968-1979) og i Buskerud Fylkesting (1980-1991).