Tonar til fjell
Billettar
Om arrangementet
Tonar til fjell har Jo Asgeir Lie kalla konserten og prosjektet han har arbeidd med i over eit år. Det starta som eit ynskje om å skrive musikk for seg sjølv og strykekvartett, eit ynskje han har hatt i fleire år. Med stønad frå Norsk komponistfond vart prosjektet ein realitet, og med seg har han fått med fire strålande musikarar, som nær alle har sterke band til folkemusikken.
Hovudverket er Tonar til fjell, eit verk i fem satsar, der Lie har henta inspirasjon frå diktsamlinga «Jøkulsong» av Signe Seim, noko som også fleire av titlane på satsane speglar tilbake på. Ynskjet med konsertprogrammet er at trekkspel/akkordeon og strykekvartett skal møtast i eit samspel som både er ein dialog mellom to instrumentale verder, men også kontrastar mellom desse. Satsane har fått følgjande titlar:
1) I still undring
2) Så nært er alt
3) Undring
4) Sangenuten
5) Brea
Konserten vil òg innehalde ei anna suite:
Dances for clouds (2007) vart opphaveleg skrive for saxofonkvartetten The Erie Saxophone Quartet frå New York i 2007/08, og vart i 2025 omarbeidd til strykekvartett og trekkspel/akkordeon. Dances for clouds har også ein tittel som femner om naturen og det vi ser rundt oss. Suita har fem satsar.
Dei to verka gjev eit nært innblikk i det musikalske universet til Jo Asgeir. Har resultatet vorte folkemusikk eller klassisk musikk? Det må publikum dømme sjølv, men det er uansett musikk han lenge har hatt lyst til å dele med publikum!
Musikarar:
Jo Asgeir Lie - trekkspel/akkordeon
Marius Westling - fiolin
Sander Tingstad - fiolin
Bjørn Kåre Odde - bratsj
Maja Barrat Due - cello
Foto: Terje Bjørnsen
