Tor Jonsson i ord og tonar
Billettar
Om arrangementet
Då redaktøren i Hallingdølen fillerista hallingen
Tor Jonsson i ord og tonar
Ved Bjarne Tormodsgard og Camilla Granlien
Den nytilsette redaktøren i Hallingdølen, lomværen og forfattaren Tor Jonsson, går av toget på Ål stasjon. Han ser litt forvirra ut. Det er ingen stridsmann som går av toget – kan det synast som. Men der tek velkomstkomitéen med Lars Tormodsgard og Paul Breiehagen, styggeleg feil… I løpet av nokre stormfulle månader fillerista redaktøren, forfattaren, sosialisten og samfunnsrefsaren Tor Jonsson hallingane. Ein storm som utløyste illsinte lesarinnlegg, oppseiingar av avisa, bondeleiarar som vart hive ut av redaktørkontoret og prestar som refsa redaktøren og Hallingdølen frå preikestolen.
Tor Jonsson tok sitt eige liv 14. januar 1951, berre 35 år gamal. Han var ein produktiv lyrikar og forfattar som skreiv alt frå vakre kjærleiksdikt til skarpe, ironiske dikt der han harselerte eller gjekk til åtak på det han mislikte. I dag blir han rekna som ein av landets fremste lyrikarar som stadig appellerer til nye generasjonar.
Tidlegare journalist og redaktør i Hallingdølen gjennom 18 år, Bjarne Tormodsgard, kåserer over Jonssons korte, men stormfulle redaktørtid i Hallingdal og om konsekvensane den fekk for både hallingen, Hallingdal og Hallingdølen.
Med seg har han folkesongaren og låtskrivaren Camilla Granlien frå Lillehammer som har tonesett fleire av dikta til Tor Jonsson. I 2008 gav ho ut plata Jarnnetter med tekster av Tor Jonsson og Olav Aukrust. I mai 2025 kom plata Kjærleik, liv og død som i sin heilheit er basert på Tor Jonsson sine dikt. Granlien har fleire gonger vunne Landskappleiken vokal klasse A og gjeve ut ei rekke plater.
I tillegg til Granlien deltek gitarist Frode Berntzen som har medverka på mange plateutgjevingar med kjende norske artistar.
Foto av Camilla Granlien: Ingvil Skeie Ljones
