Fryd scene: Torun Torbo

Om arrangementet

Fløyteforteljinga «Ein tone, ein tråd. Strikk med Bach». 

Fløytisten Torun Torbo er musikaren som lagar gullkant på orkesterklangen. Med lang erfaring som journalist i NRK, fløytist i kringkastingsorkestret og fullstendig dilla på strikking har ho sett saman eit musikkforedrag med lange trådar tilbake i tid.

Fryd Scene inviterer til konsert og foredrag under Ål-taket i Ål kyrkje. 
Ein tone, ein tråd er ein strikkekonsert, så ta gjerne med strikketøy!


Torun Torbo - fløyte og forteljing