Totland & Styve: Musikk folkens!

Om arrangementet

Heine Totland og Gisle Børge Styve har greidd å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trufast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å setje ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og publikumet sitt. 

Musikk folkens startar der den forrige forestillinga deira slutta. Me får høyre nye livsglade og humoristiske, men også ektefølte versjonar av songar me alle kjenner. Musikk Folkens er ei musikalsk humorforestilling av høg kvalitet. Styve & Totland briljerer med musikalitet og evne til å få fram ein god latter i møte med publikum. Denne gongen blir også det musikalske biletet og uttrykket utvida. Gisle Børge har nemleg skaffa seg ny mandolin, eit praktfullt orgel, eit Hammond B3 frå 1959, med krakk og pedalar!


Du kan glede deg, no blir det Musikk Folkens! - igjen.