Tove Bøygard med band

Om arrangementet

Eld

Tove Bøygard er ei av landets mest kritikarrosa artistar. I februar er ho klar med det nye soloalbumet sitt som har fått tittelen ”Eld”.  
Albumet blir sleppt 12. februar, og ein månad seinare kan du oppleve Tove m/band i Ål kulturhus.

Dette blir Tove sitt åttande album med eige materiale. Samtlege tidlegare album har hausta ovasjonar frå ei samla musikkpresse. Her er nokre sitat frå omtaler av den forrige plata hennar "Jord" i 2019:

  • Aftenposten kasta terningen til seks og konstaterte at Tove Bøygard er «ein formidabel artist, tekstforfattar og låtskrivar».
  • Dagsavisen kvitterte med: «Kunne vore Springsteen på sitt beste og mest klartenkte».
  • Dagbladet skildra henne som: «Ein god miks av Emmylou Harris, Lucinda Williams og Patti Smith».

Tove Bøygard er kjent for livekonsertar med sterke melodiar og tekstar på halling. Formidlingsevne og nærvær er ord som går att i skildringar av konsertopplevingar med Tove. Ho har med seg tre av dei dyktigaste og mest allsidige musikarane i landet på plata og live, dei er med god grunn vorte kalla for «verdas beste band»: Freddy Holm på alt med strengar, Jørun Bøgeberg på bass og Eivind Kløverød på trommer.