UKM lokalmønstring

Om arrangementet

Lokalmønstring

NB! UKM lokalmønstring på Ål er flytta til 26. september.

På UKM (Ung Kultur Møtes) i Ål kulturhus får dei unge, lovande utøvarane våre vise fram alle sine kunstar. På scena finn du barn og ungdom mellom 10 og 20 år, og i foajeområdet blir det synt fram kunst i alle variantar.
På UKM kan nemleg ungdom delta med ALT! Ballet, rock, joik, kulokk, laus, teater, lyrikk, rap, foto, måleri, teikning, breakdance, film, fele, trommer, sirkus, saum, treskjæring, keramikk, broderi, sjonglering, buktaling, installasjon, stand up, gitar, piano, fløyte, folkedans, trompet, ….og alt anna.

Bli med og støtt dei flinke, unge talenta våre
- velkomen til ei forrykande forestilling!