UKM lokalmønstring

Om arrangementet

UKM Ål

På UKM (Ung Kultur Møtes) i Ål kulturhus får dei unge, lovande utøvarane våre vise fram alle sine kunstar. På scena finn du barn og ungdom mellom 10 og 20 år, og i foajeområdet blir det synt fram kunst i alle variantar.


På UKM kan nemleg ungdom delta med ALT! Ballet, rock, joik, kulokk, laus, teater, lyrikk, rap, foto, måleri, teikning, breakdance, film, fele, trommer, sirkus, saum, treskjæring, keramikk, broderi, sjonglering, buktaling, installasjon, stand up, gitar, piano, fløyte, folkedans, trompet, ….og alt anna.


Utøvarar frå 13 år kan vere heldige å bli plukka ut til å delta på UKM Fylkesmønstring som i år blir arrangert på Kongsberg 27.-29. mars.
Bli med og støtt dei flinke, unge talenta våre - velkomen til ei forrykande forestilling!!