Under Stjernehimmelen - Julekonsert med Ål-koret og Hemsedalskoret

Om arrangementet

«Tänd en stjärna i mitt bröst som ger mig glädje, tro och tröst, och säg att vintern har ett slut, också i människans liv» (Mikael Wiehe).

Jul er tradisjonar, og for mange er Ål-koret sin julekonsert ein viktig førjulstradisjon og eit viktig pusterom i ei travel tid. Me treng ei markering av et mørketida går mot slutten og at det går mot lysare tider, og i urolege tider treng me å tru på at det ikkje er berre sola som snur. 

I år har Ål-koret slått seg saman med Hemsedalskoret for å kunne gje publikum ei variert og mektig konsertoppleving. Repertoaret inneheld storslagen barokkmusikk, ukrainsk julemusikk, joik, amerikansk julestemning, julemusikk frå grannelanda våre, og sjølvsagt ei stor dose av den julemusikken som har vore med oss gjennom generasjonar.

Saman med lokale profesjonelle musikarar vil meir enn 70 songarar syte for både gåsehud og julestemning i kyrkjene i Hemsedal og Ål.


Medverkande:
Hemsedalskoret
Ål-koret
Tori Snerte, dirigent og fløytesolist
Arild Rønsen, dirigent
Klara Feiring, trompetsolist
Audun Flaen, organist
Anna Brunner,  pianist
Rasmus Juvhaugen Rønsen, lydteknikar