Unge mødre

Om filmen

Originaltittel: Jeunes Mères

Premiere: 2025-11-07

Varighet: 1t 45min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Fransk

Regissør: Jean-Pierre Dardenne / Luc Dardenne

"Dypt rørende men aldri manipulerende. "Unge Mødre" er Dardenne-brørne sin beste film på over eit tiår".

Jessica, Perla, Julie, Naïma og Ariane har alle vakse opp under vanskelege kår og bur no på eit krisesenter for unge mødre i Liège i Belgia. Her får dei hjelp under graviditeten, med omsorgen for dei nyfødde, og til og med korleis dei skal ta kontakt med potensielle adoptivforeldre. Filmen lagar eit portrett av kvar og ei av dei fem kvinnene og dei unike historiene deira om mellom anna heimløyse og adopsjon. Sjølv om kvar av historiene er djupt personlege, blir den kollektive støtta på krisesenteret deira felles ryggrad medan dei alle kjempar for å byggje eit betre liv for seg sjølve og barna sine. Dette er eit sterk sosialrealistisk drama, av dei eineståande Dardenne-brørne, som vann Gullpalme for Beste Manus, samt den Ekumeniske Prisen under årets filmfestival i Cannes.