Unge talent frå Operahøgskulen
Billettar
Om arrangementet
I serien “Ung Utvikling” har me gleda av å ynskje studentar ved Operahøgskulen i Oslo velkomne til Ål.
Operalåven har i 2026 fokus på unge songarar og ungt publikum, og kva er då meir treffande enn å invitere lovande talent til å førebu og halde ein eigen konsert for ungdom i Hallingdal?
Ung Utvikling er sponsa av Wilhelmsenstiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB.
Konserten er gratis for born og unge opp til 21 år.
