samtaler med
Billettar
Om arrangementet
- draumar, minner, lydar, kaos, kropp, syden, sving.
Urpremiere av og med Caroline Skjørshammer.
"samtaler med" er ei dokumentarisk danseforestilling og terapeutisk undersøking av kropp, identitet, om det å vere skeiv, indre forteljingar, kulturelle forventningar og ytre forstyrringar. Om å vere vaken, borte, fri, ufri, rett, skakk, tilstades og fråverande.
Gjennom lyd, lys, rørsle og objekt utforskar og isceneset Caroline korleis dette set, eller slettar, spor i kroppen. Ei indre samtale med det kjende, ukjende, gamle og nye.
Caroline (ho/henne) er ein norsk/amerikansk dansekunstnar som vekslar mellom å utøve, skape og formidle dans i ulike samanhengar og prosjekt. Ved sida av dans har ho også studert psykologi og familieterapi, og det er samansmeltninga av desse tre felta som har vore utgangspunktet for arbeidet med forestillinga. Ho er nysgjerrig på korleis scenisk dans kan virke terapeutisk og korleis personlege prosessar også speglar kollektive og allmenne erfaringar.
Utøvar/koreograf: Caroline Hawkins Skjørshammer
Scenograf/visuell kunstnar: Katarina Caspersen
Komposisjon/lyddesign: Vidar Løvstad og Caroline H. Skjørshammer
Musikalsk ansvarleg: Vidar Løvstad
Produsent/produksjonsassistent: Lisa Pedersen
Ko-produsentar: Dans i sørøst Norge, Bærum kulturhus, Sprang landsdelsscene
Støtta av: Kulturrådet, FFUK og Kulturetaten Oslo kommune
Foto: Sonia Ladidà