Lucy - Eg er deg, og du er alle

Om arrangementet

Lucy er ei nyprodusert heilaftens framsyning om familie, tilhøyre og identitet.

Saman med sju dansarar tek koreograf Camilla Tellefsen utgangspunkt i erfaringar, opplevingar, kjensler og relasjonar, og kroppsleggjer desse møta. Estetikken frå streetdance blir drege med i ei sjangeroverskridande, øm, kraftfull og stemningsfull framsyning. 

Tellefsen sine prosjekt har lenge hatt ei retning mot det mellommenneskelege og sårt ønska fellesskapet. Frå eit nært og personleg plan går framsyninga Lucy djupare inn i denne tematikken. 

Dei seier at me alle kjem frå same DNA; frå urkvinna Lucy i Etiopia. Røtene våre går attende til henne som for 3.18 millionar år sidan reiste seg opp på to bein. I dag er det den moderne kvinna si oppgåve å vidareføre desse røtene, men trass sterke oppmodingar frå fleire hald går likevel fruktbarheita i samfunnet ned. Fordi jobben kallar? Fordi kloden brenn? Og kva om ein ikkje kan få born? Eller ikkje vil? Og om ein er utan born og utan partner, er ein då utan familie? 
 
– Jo mer jeg beveger meg i verden, jo mer blir jeg overbevist om at det finnes like mange former for fellesskap som det finnes mennesker. - Camilla Tellefsen 

Camilla Tellefsen er ei av dei fremste dansarane, koreografane og initiativtakarane innan sitt felt i Noreg. Ho har fordjupa seg i Popping, Hiphop og Waacking, men starta med break som 15-åring i heimbyen Sarpsborg og har også ei tradisjonell danseutdanning frå Bårdar Akademiet, samt vidareutdanning frå Flow Dance Academy i København og ytterlegare studiereiser til New York, Paris, Los Angeles, Seoul og Osaka.



Koreografi: Camilla Tellefsen 
Medskapande dansarar: Marikken Heitkøtter Bratlie, Mathias Jin Budtz, Claúdio Fernandes, Antero Hein, Hanna Mjåvatn, Cassandra Moldenhauer og Victor Bautista Prag. 
 
Komposisjon: Thomas Strønen 
Kostymer/Scenografi: Torgeir Baie og Camilla Tellefsen 
Lysdesign: Benjamin Fjellman
 
Co-produksjon Visning: 
Dans Sørst-Norge - Sprang/Bærum Kulturhus 
 
Støtta av Norsk Kulturråd, Viken Fylkeskommune, FFUK

Takk til Fossekleiva kulturhus


Foto: Antero Hein