Vertshuset The Old Oak

Om filmen

Originaltittel: The Old Oak

Premiere: 2023-12-25

Varighet: 1t 53min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Original

Regissør: Ken Loach

Ken Loach er attende med nok eit engasjerende drama, saman med den faste manuspartnaren sin, Paul Laverty.

Vi er i England der vi blir kjend med TJ, eigaren av The Old Oak. Ikkje berre er det den siste puben som står, men det er òg det einaste offentlege rommet som er att, der folk kan møtast i det som ein gong var eit blomstrande gruvesamfunn. TJ slit med å halde både sitt eige liv og den falleferdige puben saman, og ein dag blir puben eit omstridt territorium etter at fleire syriske flyktningar blir plassert i landsbyen utan varsel. I eit usannsynleg vennskap møter eigaren ei nysgjerrig ung syrisk kvinne. Saman prøver dei å finne ein måte å sameine det splitta lokalsamfunnet, prega av arbeidsløyse, dårleg økonomi og nedlagd industri. Med 87 år på jorda og falmande syn, har Ken Loach sagt at denne filmen kan vere den siste. Ein engasjerande svanesang! Terningkast 5: "En varm, sterk og human film" - NRK p3 Terningkast 5: "Treffer tiden – og hjertet" - Aftenposten Terningkast 5: "Rørande og tankevekkande" – Stavanger Aftenblad Terningkast 5: "Krutsterk" - Klassekampen Terningkast 4: "Hjertevarm og positiv" - Dagsavisen