Victoria Må Dø

Om filmen

Originaltittel: Victoria Må Dø

Premiere: 2024-02-16

Varighet: 1t 25min

Sjanger: Familiefilm, Komedie, Barnefilm

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Norsk

Regissør: Gunnbjörg Gunnarsdottir

Victoria må dø er eit morosamt og actionfylt eventyr om to born, ei stemor og ein motvillig leigemordar.

Mora til Hedvig og Henrik er død og no har faren deira fått seg ein ny kjærast – Victoria. Victoria tek alt for mykje plass, ho lagar stadig nye reglar og legg fullstendig beslag på faren. Det beste ville vore om ho berre forsvann. Inspirert av teikneseriebladet Hitmen avgjer Hedvig og Henrik seg for å finne ein leigemordar og valet fell på Carl (mest fordi dei tykkjer han ser ut som ein leigemordar). Og sidan Carl er i ein litt vanskeleg økonomisk situasjon virkar det som om dei får han på gli. Vil planen lykkast? Og er Carl skikka til jobben? Filmen er skrive og regissert av Gunnbjörg Gunnarsdóttir og har m.a Ine Marie Wilmann, Leo Ajkic, Mille Sophie Rist Dalhaug, Sverre Thornam, Morten Svartveit, Agnete G. Haaland, Anette Hoff og Arthur Berning i rollene.