Workshop grafisk trykk
Billettar
Om arrangementet
Denne månaden har me ei minneutstilling for Rolf Nesch i Galleri syningen. Me ynskjer å gje eit større innblikk i sjølve handverket og inviterar til ein workshop på Leveld kunstnartun. Grafikar Suzannah Rehell Øistad har sidan ho var på residens på kunstnartunet gjort fleire workshopar der. Mellom anna hadde ho ansvar for trykkinga ilag med elevane på fjorårets "Nesch og ungane"-prosjekt.
Susannah vil gje ei grunninnføring i teknikken linoleumstrykk, også kalla linoleumssnitt, linosnitt eller berre lino.
Dette er ein enkel grafisk trykkemetode som er nært i slekt med tresnitt, der trykkplata er av tre. Begge teknikkane tilhøyrer kategorien høgtrykk. Trykkplata består av eit stykkje linoleum, der ein med skjæreverktøy lagar spor/motiv i plata og legg farge på den uberørte flaten før ein trykker på papir. Ein kan bruke fleire fargar, men motiv i svart-kvitt er vanlegast.
Me lovar at dette blir både spennande og moro.
NB! Det er kun 12 plassar på denne workshopen, så her gjeld det å kjøpe seg billett (100,-) med ein gong.