Workshop - Intuitiv teikning med blekk

Om arrangementet

INTUITIV TEIKNING MED BLEKK

Workshop med biletkunstnar Marit Solum Smaaskjær:

- Korleis kan ein blekkflekk bli starten på ei teikning?
I denne workshopen utforskar me blekk som materiale og lèt tilfeldigheiter, vatn, linjer og naturen sine eigne former vere utgangspunkt for arbeidet.

Eg vil først fortelje litt om kvifor blekk har fått ein sentral plass i mitt eige kunstnarlege arbeid, og vise korleis eg arbeider med vatn, blekk, ulike reiskapar og lag på lag. Me startar enkelt med «blekkflekken» og undersøkjer kva som skjer når blekket møter både vått og tørt papir. Me testar vått-i-vått, ulike reiskapar og måtar å lage spor og linjer på.

Deretter arbeider me vidare i fleire lag. Deltakarane får utforske det intuitive og tilfeldige og sjå korleis eit bilete kan vekse fram undervegs.

I siste del av workshopen tek me utgangspunkt i former frå naturen – til dømes ein stein eller ein kvist. Målet er ikkje å teikne naturen korrekt, men å tolke linjer, rytmar, strukturar og former på sin eigen måte. Workshopen blir avslutta med at me legg arbeida saman og ser på dei ulike uttrykka som har oppstått. Ingen forkunnskapar er nødvendige. Her handlar det om å utforske, eksperimentere og oppdage moglegheitene som ligg i blekket og streken.

Materiale:

Akvarellpapir A3, papir på rull, blekk, kol og ulike teiknereiskapar.
Eg tek også med pinnar, penslar, svampar og andre reiskapar frå atelieret.
Deltakarane får alt nødvendig materiale til workshopen.

Varigheit: 3 timar