Nesch-museet

Ynskjer du å sjå vakker og spennande kunst av den tysk-norske grafikaren Rolf Nesch (1893-1975) er du hjarteleg velkomen til Ål kulturhus.
Her har me verdas største, permanente, offentlege utstilling av kunsten til Nesch.

I museet, som opna i 1993, kan du sjå både teikningar, måleri, grafikk, skulpturar og materialbilete og lære meir om denne fantastiske, verdskjende kunstnaren som budde i Ål i over 20 år.


Sommaren 2021

Sommaren 2021 kan du sjå to Nesch-utstillingar på Ål kulturhus – både i Nesch-museet og i Galleri Syningen.

I Galleri Syningen blir utstillinga «Tingenes tilsynekomst – Til Rolf Nesch fra femten norske forfattere» vist. Dette er ei blanding av dikt og bilete basert på boka frå 1993 der norske forfattarar skriv til «sine» Nesch-bilete.
I Nesch-museet er det denne perioden 11 nye verk som ikkje blir vist der permanent. Mellom anna får du sett den fantastiske trykkplata til det kjende biletet Bernadette.

Opning av ustillinga i Galleri Syningen er laurdag 19. juni kl 14.00. Sidan fast opningstid kl 12.00 - 15.00 tysdag, onsdag, torsdag, fredag og laurdag fram til 28. august 2021.
Du kan også sjå både utstillinga i Galleri Syningen og Nesch-museet i opningstidene til kulturhuset.

Det er gratis inngang til begge utstillingane i perioden 19. juni – 28. august.


If you want to see beautiful art by the internationally known german-norwegian artist Rolf Nesch (1893-1975), you are welcome to visit Ål kulturhus.
Here you can see the world's largest exhibition of Nesch's works.

In the gallery (opened in 1993), you can enjoy both drawings, paintings, sculptures, collages and graphics and learn more about this fantastic artist who lived in Ål for over 20 years.


Nesch museet